Siste fredag i måneden presenterer vi et kulturminne i Rauma. Spalten "Kulturminnet" er skrevet av Geir Grav.

I mai 1695 vart ho og far hennar innkalla av amtmannen for å forklare seg om denne hendinga. I Molde møtte dei åtte lagrettemenn som vart omtalt som kloke og forstandige menn. Marte fortalte at trolla var store, og dei hadde romper som revar. Medan ho var i berget, fødde trollmora ein gut som var like stor som eit halv-vaksent menneske. Trolla ville at ho skulle gifte seg med guten, men ho nekta. Då vart ho kledd naken og kasta ut av berget. Dette kan høyrest ut som reine fantasien, men lagrettemennene trudde på henne. Dei slo fast at ho var påliteleg og ved sine fulle fem. Ho hadde nok vore bergteken.

Frykt og uhygge

Kva er det som gjer at trolla har fått så stor plass i folketrua gjennom historia? Trolla har røter heilt attende til norrøn mytologi, og gjennom århundra har dei spreidd frykt og uhygge. Det har alltid vore forbode å ha noko som helst samkvem med trolla. I følgje dei eldste norske kristenlovene frå 1000- og 1100-talet, var det forbod mot “å ta kontakt med og søke kunnskap hos troll”. Og i landsloven frå 1276 vart dette sett på som eit så alvorleg lovbrot at det førte til lovens strengaste straff: Dødsdom!

Trua på det overnaturlege

I folketrua var trollet eit overnaturleg vesen. Eit stort, stygt, sterkt og farleg menneskeliknande vesen som bur i skogen eller i fjellet. Men det er også dumt og godtruande og lar seg lett lure. I våre dager er det vel ikkje så mange som trur på troll, tussar, jutular, huldrer og andre underjordiske, men det har vore allmenn folketru i tusenvis av år. Me finn det att folkediktninga vår, i segner, eventyr, folkeviser og dikt. Ei av første kjeldene som omtalar troll, finn vi verket Edda frå 1200-talet.

Eit uhyre

I eventyret om Dei tre bukkane Bruse møter dei eit stort, fælt troll “med øyne som tinntallerkener og nese så lang som et riveskaft”. Nokre troll kunne ha fleire hoder, eller berre eitt auge. Dei tre trolla på Hedalsskogen hadde eitt auge på deling. Som oftast er trolla store og slemme og stygge, nærmast som uhyrer eller monster. Gjerne med langt hår, skjegg, krokete nese og fleire hovud. Men dei kan også vere dvergliknande vesen, såkalla småtroll. Felles for dei er at dei ikkje tåler sol, så dei opptrer helst om natta.

Trollet som grunnar på kor gamalt det er. Teikning: Theodor Kittelsen. Foto: Digitaltmuseum

Nett-troll

Utover 1700-talet vart trolla gradvis oppfatta som meir ufarlege, sjølv om trua på vonde vetter heldt seg i mange år enda. Trolla fekk etter kvart eit meir romantisk preg, og vart til slutt reine fantasifigurar. I våre dagar har det dukka opp ein ny sort troll, dei såkalla nett-trolla. Slike som nyttar internett til å vise at dei manglar folkeskikk.

Troll i ord

Spora etter folketrua finn vi att både i skrift og tale. Me finn ordet troll i mange samanhengar, og kva vil det seie at det går “troll i ord”? Med det meiner ein at du skal vere varsam med kva du ønskjer deg, for det kan hende at du får det. Berre ved at ein seier noko, kan det skje. Ein tenkjer seg at det er trolldom inne i bildet. Det spøker i bakgrunnen. Men troll i ord kan også ha ei anna tyding når det vert knytta til andre ord og uttrykk. Troll opptrer som førsteledd, som til dømes trollmann, trollkjerring, trollungar, trollkrem, trollkrabbe, trollspegel. Eller som andreledd: rumpetroll, skrukketroll, nett-troll. I faste uttrykk vert det gjerne meint som noko negativt, til dømes “troll til kjerring”.

Troll gir meining

Me finn mange spor etter folketrua i stadnamn. I Møre og Romsdal finst det over 200 fjell, stader og område som har namn som startar med troll. Og i tillegg kjem fleire som har variantar av troll, til dømes jutul. Nokre av stadnamna er knytta til segn og eventyr, medan andre kjem av at folk syntest naturfenomenet var skremmande og uhyggeleg. Mange av desse stadnamna har truleg opphav frå mellomlalderen. Eventyra og segna skal gjerne forklare noko. Ein ville finne årsaker til underlege og gåtefulle naturformasjonar eller menneskeverk. Eventyra og segna skulle gje svar på dette.

Segnet om Trollveggen

I Rauma finn me mange døme på bruken av troll i stadnamn. I følgje det mest kjente segnet om Trollveggen, starta det med at trolla heldt eit stort bryllup i Romsdalen. Det endte med katastrofe. Dei festa og tura og hadde det særs gildt, og så gløymde dei å gøyme seg før sola rann. Dermed vart heile brudefølget omskapt til stein. Så i tindane kan me no sjå trollfjes i stein, og toppane har namn som Brura, Brudgommen, Brurjaentene, Trolltinden,Trollspiret, Trollgubben, Trollklørne, Trollryggen og Trollparet.

Dei lokale forfattarane Hilde Alnes, Hilde Leren og illustratør Gunvor Rasmussen har laga ei barnebok om segnet dette segnet.

Den kjende fjellklatraren Arne Randers Heen skreiv om Trollparet at “Disse to ansikter er vel noget av det eiendommeligste man kan finne, der de står med sine forsteinede fjes og glor mot øst”. Og me må ikkje gløyme Trollveggen, som er Nord-Europas høgste loddrette fjellvegg med sine 1000 fallmeter.

Trolldreparen

Gerhard Schøning reiste gjennom Romsdalen på midten av 1700-talet, og han nemner eit anna segn som fortel om opphavet til desse namna. Det er historia om då Olav den heilage reiste gjennom Romsdalen og vart plaga av troll som ikkje ville la ham sleppe forbi. Han omskapte dei til klipper og tinder, og dermed vart vegen fri. Men truleg går namna attende til mellomalderen.

Troll i Rauma

Me finn mange trollnamn her i kommunen. Det vil føre for langt å ramse opp alle, men me tar med nokre. Trollstigen med dei 11 krappe hårnålsvingane kjenner dei fleste til.Trollbotnen finn me to stader, både sør for snøbreen Finnan og sør for Herjevatnet. Trollhaugen er ein liten haug aust for Holmssetra. Trollkyrkja er eit fjell sør for Ulvådalen, på grensa mellom Møre og Romsdal og Innlandet. Ved vestenden av Ulvåvatnet ligg Trollstølen, som er ei seter til garden Monge. Stortrollvatnet ligg sør for Månvassetra, og på sørvestsida av vatnet finn me Trollvasstinden, 1422 meter høg. I bygdeboka for Voll vert det fortalt at: “Ein gong var det berre trolla som treivst i slike utilgjengelege steinkolossar som Trollvasstinden i Måndala, og enno i dag er det heller sjeldan at vanlege folk står på toppen av dette fjellet”.

Jutulbryggjå i Måsvatnet og Jutulen i Blåfjellet. Me ser Jutuel`n midt på fjellryggen til venstre. Foto: Steinar Dahle

Jutulen i Blåfjellet

Troll vart etter kvart eit samla nemning for alle vonde vette, og det omfattar dei som vart kalla rise, jutul og gygr. Både jutulen og gygra, - jutulkvinna, var kjempestore. Dei var umåteleg sterke, og kunne kaste kollossale steinar etter kyrkjer eller fiendar. Jutul-namnet finn me att fleire stader i kommunen. I Måsvatnet ved Måsvassbu ligg det ei lang steinsetting utover i vatnet. Segnet seier at det var Jutulen i Blåfjellet som starta med å bygge ei brygge, men ho vart ikkje ferdig. Han akta ikkje på tida og måtte skunde seg inn i fjellet før sola rann. Men det rakk han ikkje, og så vart han til stein. Steinsettinga har fått namnet Jutulbryggjå.

Enno kan me sjå Jutulen i Blåtindskaret, og i handa held han ei fiskehonk som blenkjer i sola. Bygdeskalden Jo-Bertel, eller Bernhard Mittet som han eigentleg heitte, har skrive eit dikt som heiter “Sagnet om Måsvassbrygga”. Det står i boka om Bygdeskalden Jo-Bertel, utgjeve av Mittetdalen historielag. Dette segnet har Kveldssol 4H laga ein flott film av. Du finn han på YouTube: Jutulen youtube.com.

Troll som produkt

I vår dagar er trolla mest kjente frå Asbjørnsen og Moe sine eventyrsamlingar, og dei vert nytta for alt dei er verdt i markedsføringa av Noreg som turistland. Det hjelper godt at filmen Troll frå 2022, mellom anna med scener frå Rauma, er den mest sette ikkje-engelske filmen på Netflix nokon gong. Trolla er blitt butikk, og dei er populære souvenir-artiklar. Også her i Rauma kjenner me vår besøkstid, og trolla vert nytta for å gjere kommunen både synleg og tiltrekkjande. Så framleis har me tru på trolla. Om enn på anna vis enn i tidlegare tider.

Kjelder: Bygdeboka for Voll bd III 1991 Caspari, Theodor: “Fra Rauma til Rhinen”. Nasjonalforlaget 1933 Digitaltmuseum.no fjordnorway.com Frittgående Fruer: “Sagnet om Trollveggen, Trolla, Bryllupet og Soloppgangen”. Frittgående Fruers forlag 2013 Holsbøvåg, Kåre Magne: “Tuss og troll i stadnamn”. Romsdal sogelag 2006 Mittetdalen historielag: “Bygdeskalden Jo-Bertel”. 2020 Store norske leksikon Wikipedia

Informantar: Kristoffer Dahle Svanhild Dahle

Eit lykketroll. Ein populær souvenir i våre dagar. Foto: Geir Grav